Topptur på ski: Loftet (2170 m.o.h.)

Loftet er eit populært skifjell som er mykje besøkt om vinteren- takket vere enkel tilgang og super nedkøyring. 

Beste utgangspunkt: Riksveg 55 v/ Jotunheimen fjellstue – eller frå vinterbom ved Vegaskjelet.
Lengde: Omlag 13 km tur/retur
Høgdeforskjell: Ca. 1170 meter 
Antatt tidsbruk: ca. 5 timar 
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, fjellski og randonnée. 
Vegval: Noe vurderings- og navigasjonskrevande 
Brattaste parti: 30°
Ver obs på:  Bratt område rett vest for Veslloftet som kan vere skredutsatt. Overhengande skavl ut mot Høgskridubrean. Krevjande navigering ved tåke.

Loftet, den ruvande kjempa som avsluttar tinderekka som går nordover frå Smørstabbtindane, er ein

populær og fin skitopp frå Sognefjellet. Her kan du nyte majestetisk utsikt frå toppen, og glede deg til fin skikøyring på store snøflankar. Ver obs på at turen krev presist vegval for å vere trygg.

Ved vinterstengt veg, startar turen ved bommen, ved Vegasjelet i Leirlia i Leirdalen, altså rett etter nedkøyringa til Leirdalen/ Leirvassbu, ca. 920 moh. Frå her får ein fin oppvarming langs Sognefjellsvegen; i slak stigning i ca. 2 km. opp til Øvre Halsatjønn som ligg 100 meter høgare. Ein tek så av vegen, går ut i terrenget og siktar seg inn mot Langranden og Veslloftet.

Når Sognefjellsvegen er brøytt etter vinterstenging, startar turen ved Jotunheimen fjellstue eller ved parkeringsplassen ved Øvre Halsatjønnen.

Kanskje du også vil lese denne:

Bruk linken under for full turbeskrivelse.

Les mer om turen her: Velkomen til Lom og Jotunheimen – Jotunheimen (visitjotunheimen.no)