Kvitingskjølen er eit fjell i den nordlige utkanten av Jotunheimen, i Lom kommune i Oppland. Den høgaste toppen, Austre Kvitingskjølen ligg 2 064 meter over havet, medan Vestre Kvitingskjølen har ei høgde på 2 060 meter over havet.
Beste utgangspunkt: Soleggen fjellstue- 957 m.o.h. i Lom.
Høgdeforskjell: Ca. 1000 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 5–7 timar, tur-retur
Anbefalt skiutstyr: Fjellski, telemark eller vanlig toppturski.
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Enkel
Ned: Enkel
Vegval: Noe vurderings- og navigasjonskrevande
Brattaste parti: 30°
Turen til Kvitingskjølen er truleg ein av dei enklast tilgjengelege 2000-meterstoppane frå Lom sentrum. Turen går i trygt terreng – og er mogleg å gå stort sett heile året. Om vinteren kan det vere avblåst og skarete i området, men om du treff på rette dagen, byr nedturen på fantastisk skikøyring i ope fjellterreng.
Det er enklast å starte turen frå Soleggen fjellstue, 957 meter over havet. Hit kjem du ved å ta av vegen (Rv. 15) øverst i Vårdalen, mellom Garmo og Lom, og inn på bomveg skilta mot Soleggen. Vêr obs på at vegen ikkje alltid er vinterbrøytt. Frå her er det 6 km./600 høgdemeter opp til parkering ved fjellstua.
Frå her følger ein sommarveg (ikkje vinterbrøytt) mot setergrenda Sålell, 1200 m.o.h. Vegen går fyrst gjennom glissen fjellbjørkeskog før ein dreier mot høgre mot Sålell etter å ha passert skoggrensa.
Frå Sålell kryssar du Krokåi, som er ei elv, og halder deg på høgre side av ryggen Krokågjelet, og følger denne oppover. Denne følges opp mot Veslkjølen, og vidare inn og opp mot det høgaste punktet, nemleg Austre Kvitingskjølen 2064 moh. Denne toppen er har ei stor fin rundvagle, og ei ganske så spesiell utsikt. Du står høgt, og har ingen andre store toppar i umiddelbar nærleik. Du har godt utsyn mot Rondene i nord, og Jotunheimen i sør og vest.
Bruk linken under for full turbeskrivelse.
Les mer om turen her: Velkomen til Lom og Jotunheimen – Jotunheimen (visitjotunheimen.no)
Kanskje du også vil lese denne: