Turen frå Leirvassbu til Galdhøpiggen vert av mange sett på som vakraste fjellskituren landet kan by på.
Beste utgangspunkt: Leirvassbu
Antall høgdemeter totalt: Ca. 2300
Turlengde: 11 – 13 timer tur-retur
Ver obs på: Bratt opp til Porten. Isøks og stegjern kan kome godt med.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern. Bre- og sikringsutstyr må vurderes.
Anbefalt skiutstyr: Fjellski
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevende
Ned: Krevende
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: Ca. 40° mellom Storjuvbrean og Porten
Frå Leirvassbu fylger du kvista løype gjennom Visdalen til omlag 1300 meter høgde. Frå her skrår du oppover i retning Bukkeholsbrean. Bukkeholsbrean er best å gå på høgre side oppover for å unngå den brattaste og mest oppsprukne delen. Når du har kome opp på breplatået siktar du deg inn på Bukkeholsbandet og kryssar dette ut på Tverråbrean. Deretter legg du kursen over Nedre Tverråbandet, noko som er eit betre og sikrare alternativ enn det øvre.
Bruk linken under for full turbeskrivelse.
Les mer om turen her: Velkomen til Lom og Jotunheimen (visitjotunheimen.no)
Kanskje du også vil lese denne: