Har du vore på toppen av Lom sitt «bygdafjell», Lomseggen (1289 moh)? Stikkord: Majestetisk utsyn, høg puls og vakker natur.
Det er godt merka sti heilt til toppen av Fremste Lomseggen. Turen byrjar enten frå Norsk fjellsenter eller frå Andvord Gard. Dette er ein relativt krevjande tur med bratt stigning heile vegen.
På denne turen går du inn i Breheimen nasjonalpark. Over tregrensa opnar utsikta seg til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Rondane. I vest skjer Bøverdalen seg inn mellom dei høgaste toppane i Noreg og du har fint utsyn mot den høgaste av dei alle, Galdhøpiggen (2469 moh).
Turbeskriving – rundtur:
Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre og dreier til venstre opp forbi Norsk fjellsenter. Gå forbi Storstabburet og ta til venstre når du møter den asfalterte Solsidevegen. 200 meter etter herskaplege Sygard Andvord tek stigen av til høgre. Her er det skilta til Lomseggen, Bordvassvegen og Tor Jonsson-stuggu.
Etter rundt 300 meter skil Bordvassvegen (raud merking) og ruta til Lomseggen (gul merking) lag. Ruta passerer Smith-hytta på 1150 moh og går i ein stor bue opp til det framre punktet på Lomseggen.
Bruk linken under for full turbeskrivelse.
Les mer om turen her: Velkomen til Lom og Jotunheimen – Jotunheimen (visitjotunheimen.no)
Kanskje du også vil lese denne: