– De kan ikkje berre gå på veg. Det er jo så lett at ein kan søve medan ein går. Dette skal vere trening for både kropp og hovud, seier Einar Solberg (83) bestemt til turfølgjet sitt.
Han er leiar, eller turven som det så fint heiter, for ei av seniorgruppene i Bergen Turlag. Målet er å vere fysisk aktiv til 100 års alder, noko dei frammøtte i Langeskogen ved Fjøsanger synest svært opptekne av.
– Ein vert ikkje friskare av å sitje i sofaen, då går det berre ein veg. Musklane må brukast, seier Laila Simonsen (75).
Vil ikkje på sjukeheim
Turleiar Solberg, som gjerne løftar kona Kari og andre damer over bekken eller sjølv jumpar i hoppsatakt bortover sti og mark, er så hjartes einig.
Å sitje heime i godstolen er å kjøpe seg ein billett til gamleheimen, meiner Einar Solberg. Og det har han ingen planer om å gjere med det første. Til venstre sit kona Kari Solberg.
– På sti er ikkje to skritt like, og slik får vi haldt ved like styrke og balanse. Viss du ikkje bruker musklane, så dauer dei. Det sjukeheimsopphaldet er nok best å utsetje så lenge det er muleg, trur 83-åringen, som blir oppmoda til å stemme raudt under årets stortingsval.
– Slit’an med ny jakke då, Einar. Den var fin. No må du stemme raudt i år, seier Laila.
Laila Simonsen (75) skal snart på ferie til Tyrkia for å nyte sol og varmt vêr. Der vil ho helde fram med dagleg aktivitet, som å gå tur og symje.
– Jo takk, eg er godt nøgd med den. Kan brukast som skjørt òg, seier Einar og rettar på allvêrsjakka han har knytt rundt livet.
Kjem seg ut saman
Som dei fleste andre samfunnsgrupper opplev òg seniorane at dørstokken kan verke vel høg til tider. Då er turistforeininga sitt initiativ godt å ha.
– Det er ikkje alltid så lett å kome seg ut i dårleg vêr når ein er åleine. Vi tok kontakt med turlaget då vi flytta tilbake til Bergen, også fordi det er sosialt å ha ei gruppe å gå på tur med, seier Lotte Tysnes.
Det er godt å ha ei hand å halde i når steinane er våt og røtene sleipe. Tuppen og Lillemor alias Torunn Pettersen og Laila Simonsen er glade for å ha likesinna turkameratar i Langeskogen i Bergen.
Aktiv til 100-konseptet har fleire løyper rundt om i Bergen, og turane på 1,5-2 timar har faste oppmøtetidspunkt.
– Vi er stort sett ei fast gruppe, men i dag er det til dømes nokon som er på ferie, medan andre passar barn, fortel Laila.
Turane i Aktiv til 100-gruppa til Einar Solberg går gjennom Langeskogen, der eit enormt stignett gjer det muleg å tilpasse kvar enkelt tur etter klientellet. Etterpå er det tøy og bøy. Frå venstre Per Tvedt, Torunn Pettersen, Laila Simonsen, Stein Tysnes, Lotte Tysnes, Kari Solberg og Einar Solberg.
Det skal mykje til for å stoppe denne gruppa, som i fjor haust hadde helseminister Jonas Gahr Støre med seg på tur.
– Vi går i snø og i regn og nesten i storm. Det gjeld å kle seg, seier Einar.
Investerer i utstyr
82-årige Lotte er ei av fleire som går med teleskopstavar, og nesten alle i seniorgruppa har kjøpt seg GoreTex-sko.
Dei er flinke til å kle seg, og haustens farge er heilt klart blått. Eli Bogen, Kari Solberg og Lotte Tysnes trivst i skogen og i kvarandre sitt selskap.
– Mine sko er heilt nye, fortel Laila, som har vore og handla fordi dei gamle skoa gjorde at ho vart både våt og kald.
Venskap tufta på felles interesser
Det sosiale er på linje med fysisk aktivitet og naturopplevingar ein viktig og sentral del av pensjonistane sine turar. Både titt og ofte tek dei ein liten stopp der dei står eller sit og pratar, og Einar held seg gjerne i front og fortel.
– Eg er sikker på at dersom vi hadde bedt alle bruksnummera i Norge om å måle steingardane sine, slik som den som høyrer til Langegården her, så hadde vi hatt murar lengre enn den kinesiske! meiner han.
Før turkameratane går kvar til sitt etter dryge to timar i skogen, ordnar leiar Einar dei på lang rekke og set i gong med tøy og bøy. Det er når ein bruker kroppen ute i naturen at ein verkeleg kjenner på det å leve.
Alle bilete tatt av Charlotte M.S. Karlsen.