Fysisk aktivitet i SFO

Korleis kan skulefritidsordninga (SFO) fremje god kvalitet i arbeidet med fysisk aktivitet? Tilsette med fagkunnskap og pedagogisk utdanning og erfaring er ein nøkkelfaktor for å lukkast med kvalitet når ein skal gjennomføre og leggje til rette for fysisk aktivitet.

Då fleirtalet av elevane på småskulesteget oppheld seg store delar av dagen på skule og SFO, vil dette vere ein fin arena for å fremje fysisk aktivitet. Ettersom helserelaterte vanar og fenomen ofte blir etablerte i barne- og ungdomsåra, er det naturleg å rette ein vesentleg del av det førebyggjande arbeidet mot barn og unge (Klepp, Thuen & Wilhelmsen 1995, Klepp & Aarö 1997, Telema, Yang, Hirvensalo & Raitakari 2006).

Helsestyresmaktene presiserer kor viktig det er å førebyggje sjukdommar og lidingar. Meir fysisk aktivitet er eit av dei tiltaka som vil ha størst effekt på folkehelsa (Bahr, 2008). I tråd med Kunnskapsløftet (Kunnskapsdepartementet, 2006) skal barn få tilbod om aktivitetar som er tilpassa deira nivå. Skulane/SFO bør derfor streve etter å tilby eit breitt aktivitetstilbod som gir barn og unge høve til og sjølve bestemme/velje aktivitet. Forsking viser til positiv samanheng mellom fysisk aktivitet og deltaking i idrett og positive fysiske og psykologiske verknader på helsa til barn og unge (Mutrie & Parfitt 1998, Ommundsen 2000).

Fysisk aktivitet i SFO

Fysisk aktivitet og vaksenstyrte aktivitetar i SFO
Dei fleste barn er i løpet av SFO-tida fysisk aktive, oftast gjennom frivillig og barnestyrt leik. Ifølgje Løndal (2010) tilfredsstiller mange barn tilrådingane om 60 minutt fysisk aktivitet i SFO-tida. Løndal (2010) er uroa over dei signala som no kjem om å gjere SFO-tida meir strukturert med fleire vaksenstyrte aktivitetar, blant anna leksehjelp. I ei tid med sterkt fokus på målretta læring og auke i talet på skuletimar i teoretiske fag, hevdar Løndal (2010) at det er svært viktig at ein tek vare på skulebarn sine behov for fysisk aktivitet. Arbeidet med å nå talfesta målsetningar set tida til barnestyrt kroppsleg leik under press.


Kompetanse blant dei tilsette i SFO

Løndal (2010) viser til at det er viktig med vide rammer for leiken. Likevel må det takast omsyn til det einskilde barnet sitt behov for ivaretaking og deltaking. Dette er faktorar som dreg i kvar si retning på skalaen mellom full fridom og stram organisering. Her er det viktig med fagfolk som kan gjere balanserte vurderingar og tilpassingar, understrekar Løndal. Her vil det vere avgjerande med SFO-personale med omfattande og praksisnær kunnskap om barn i relevant alder, og i tillegg kunnskap og evne til å leggje til rette for god leik og fysisk aktivitet for heile barnegruppa. Dette er djup pedagogisk kompetanse som krev kunnskapsrike og modne fagfolk, hevdar Løndal (2010).

Verdien av den sosiale og spontane leiken
Barn må ha rom der dei sjølve bestemmer leiken og kven dei vil leike med. Den sosiale leiken oppstår i stor utstrekning i situasjonar der barna søkjer interaksjon med andre, og den oppstår i små bestevensgrupper eller i større aktivitetsgrupper. Rørsler blir ofte lærte under kroppsleg leik som oppstår i uformelle sosiale situasjonar, og læringa skjer ofte gjennom imitasjon. Bestevensgruppene viser seg å vere spesielt gunstige for slik læring (Løndal, 2010).

Oppsummering
Fysisk aktivitet er ei kjelde til trivsel og helse, og nødvendig for normal vekst og utvikling. Skulen og SFO er ein arena som fangar opp alle barn, uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn. I utgangspunktet burde det vere skulen sitt ansvar å legge til rette for at barn og unge får 60 minutt med fysisk aktivitet kvar skuledag, heile skuleløpet gjennom.
Fysisk aktivitet i SFO vil fungere som ei motvekt til det moderne samfunnet, der vi sit meir og er mindre i rørsle. For å sikre eit allsidig fysisk aktivitetstilbod er det nødvendig med god kompetanse blant tilsette i SFO (Løndal, 2010). Dette vil auke medvitet om fysisk aktivitet og dermed kvaliteten på den fysiske aktiviteten ein tilbyr barna.

Elisabeth Innselset
Høgskulen i Volda

Litteratur
Bahr, R. (2008). Aktivitetshåndboken. Fysisk aktivitet i forebygging og behandling. Oslo: Helsedirektoratet.
Klepp, K.I., Thuen, F. & Wilhelmsen, B.U. (1999). Ungdom og helse. Fra teori til praksis i helsefremmende arbeid med ungdom. Oslo: Kommuneforlaget.
Klepp, K.I. & Aarø, L.E. (1999). Ungdom, livsstil og helsefremmende arbeid. Oslo: Universitetsforlaget.
Kunnskapsdepartementet (2006) Læreplanverket for Kunnskapsløftet (L-06). Henta frå http://www.udir.no/upload/larerplaner/Fastsatte_lareplaner_for_Kunnskapsloeftet/Grunnskole_og_gjennomgaende/kroppsoving.rtf
Løndal, K. (2010). Relevations in bodily play: A study among children in an after-school programme. Oslo: Dissertation from the Norwegian school of sport sciences.
Mutrie, N. & Parfitt, G. (1998). Physical activity and its link with mental, social and moral health in young people. I: S. Biddle, J. Sallis & N. Cavill (red.). Young and Active (s. 49 – 68). London: Health Education Authoroty.
Ommundsen, Y. (2000). Kan idrett og fysisk aktivitet fremme god helse blant barn og ungdom? Tidsskrift for den Norske Lægeforening 120, 3573 – 3577.
Resaland, G.K. (2010). Cardiorespatory fitness and cardiovascular disease risk factors in
Telema, R., Yang., Hirvensalo, M., & Raitakari, O. (2006). Partcipation in Organized Youth Sport as a Predictor of Adult Physical Activity: A 21-Year longitudinal Study. Pediatric Exercise Sciense, 17, 76 – 88.